|
||
| Framsida Kontakt Medlemslag Bli medlem | ||
|
Sogelaget
Prosjekt og aktivitetar
|
Prosjekt SkottehandelenHausten 2006 sende me ut ein invitasjon til dugnad med tanke på utstilling og fokus på Skottehandeltradisjonane. Dette er tenkt som eit samarbeid mellom Sunnhordland Museum på Stord og Bymuseet i Bergen, Kystsogevekene og Hordaland sogelag. Musea skal stå for utstillingane, Kystsogevekene vil arbeida for marknadsføring og kulturprogram knytt til tiltaket. Hordaland sogelag vil arbeida for å forankra prosjektet i dei lokalområda der handelen føregjekk og der det framleis knyter seg tradisjonar til dette handelssamkvemet. Denne samhandelen vestover var viktig for landet og bygdene våre gjennom hundreåra – i alle høve i perioden 1500 – 1800. Dette var meir enn handel og varebyte. Dette vart også ei kulturutveksling og mange band vart knytte over Nordsjøen. Me finn spor av dette i namn på folk frå den tida, i stadnamn og ord som Hjeltahandelen. Langs strendene fins det mange ballastrøysar ved lasteplassane – det er vel rimeleg å tru at skipa frå vest hadde stein som ballast, medan skipa frå Holland hadde jord og grus. Tollister er eit godt kjeldemateriale når det gjeld eksport og import. Her vil me visa til And. Næss sin artkkel i årboka Sunnhordland 1918, og Johannes Heggland si samanstilling i Kultursoga for Tysnes (Tysnes, Det gamle Njardarlog, Tysnes sogelag 1964). Men det kjem til fleire detaljar når me ser på handlelistene dei hadde med frå t.d. Shetland. Då er det ofte snakk om bearbeidde treprodukt i små kvanta og desse såg knapt tollarane noko til når skipa var på utgåande mot vest. Skottehandelprosjektet har som mål å auka kunnskapen om dette handelssamkvemet – som både økonomisk og kulturelt var så viktig for dette området. Me vonar at dei lokale sogelaga tek aktivt del i arbeidet med å få ut denne soga. Me vil satsa på utstillingar der handelsprodukta vert viste – og me vil samla mest mulig tradisjonsmateriale knytt til Skottehandelen. Så er det meininga at utstillingane og anna materiale skal gå vestover til Shetland Museum og Museet på Orknøyane. Dette ligg inne i eit samarbeid som er godt etablert. |
|
|
© Hordaland Sogelag - Ansvarleg redaktør: Bente K. Hervik - Sist oppdatert 21. mars 2010. Vevapplikasjon FU. |
||