|
||
| Framsida Kontakt Medlemslag Bli medlem | ||
|
Sogelaget
Prosjekt og aktivitetar
|
TemahefteDet finst ei skattkiste i sogeskrift kring i kommunar og
regionar, men mykje av dette materialet er lite tilgjengeleg. Difor kunne det
vera ein tanke om me ga ut nokre temahefter i åra framover. Forslaget er å laga
temahefte basert på publisert materiale. Med tema er meint emne
som: Denne inndelinga er berre tenkt som døme og det vil nok syna seg at det kan vera betre inndelingar av temavalet. Produksjonen må eventuelt verta basert fotografisk opptrykk som grunnlag for trykking. Dette vert truleg den rimelegaste produksjonsmåten. Då vil materialet framstå i si opphavelege form, med kjeldetilvising. Det må i tillegg lagast ein kort forfattaromtale til kvar artikkel. Tidspunktet for utgjeving må leggjast til andre tider av året enn den som no er vanleg for sogehefta. Det kunne t.d. tenkjast at hefta vart utgjevne ved påsketider. På styremøte i Hordaland 29. mai 2008 vart det vedteke å setja ned ei gruppe til å arbeida med saka. Vedtaket innebar at desse skulle spørjast om å vera med
i gruppa: Mandatet til denne gruppa vert: Prosjektgruppa skal gjera ferdig ei utgreiing om prosjektet, slik at det kan drøftast på årsmøtet i Hordaland sogelag 29. mars 2009.
Me er takksame for innspel frå lokallaga til dette
prosjektet. Ta i så fall kontakt med folk i prosjektgruppa eller Hordaland
sogelag. |
|
|
© Hordaland Sogelag - Ansvarleg redaktør: Bente K. Hervik - Sist oppdatert 21. mars 2010. Vevapplikasjon FU. |
||